Nyheter > Debatt og perspektiver

Foto: iStock.com/Steve Debenport

Kva meiner eigentlig Legeforeninga om medsinutdanninga? Kordan skal morgendagens legar skolerast? Og kva kan Legeforeninga bidra med i grunnutdanninga? I år skal grunnutdanning diskuterast på landsstyremøtet.

Legeforeninga meiner jo mangt om mykje, og har laga fleire rapportar om ulike tema. I år er rapporten om medisinsk grunnutdanning. Rapporten skal diskuterast på legeforeninga sitt landsstyremøte 25. mai, men hovudpunkta får du sjølvsagt her.

Temaet er stort, og vi meiner alle noko om det. Med rette – dette har vi jo alle vore gjennom. Vi hugser våre eigne studiedagar, dei fantastiske legane ein møtte, dei flinke og mindre flinke foreleserane, kollokvier, uketeneste, eksamen, skrullete professorar, ting ein syns var bak mål, og ting ein syns det er «alt for lite av for studentane i dag».

Kvar gong dei medisinske fakulteta reviderer sine studieplanar, er Legeforeninga høyringsinstans. Kvar gong blir planane sendt ut på høyring, og kvar gong får sentralstyret mange gode innspel. Innspela har diverre til tider litt preg av å kappe land -  etterkvart som ein kjem lenger og lenger inn i sitt eige, stadig vaksande fagfelt, meiner vi at vårt felt må ha større plass i grunnutdanninga.

Ettersom det er grunnlaget for heile faget, og vi snakkar varmt om livslang læring, var det nesten på overtid at foreninga lager eit tydeligare grunnlag for eigen politikk.

Grunnutdanning er komplisert.

Aukende kunnskapsmengde og hjartebarn

Min professor i anatomi forsøkte å innprente oss skilnaden på need to know, og nice to know. Denne skilnaden vert etter mitt syn berre viktigare og viktigare ettersom mengden kunnskap auker. Det er berre need to know som skal ha plass i studiet. Dei som er ekstremt flinke formidlerar kan få lov til å undervise studentane om nice to know. Om hjartebarnet ditt er biomarkørar i diagnostikken av nevroendokrine tumores i appendix vermiformis, og du forsøker å formidle dette via  lange powerpointpresentasjonar med font 11 og meir enn 100 ord per bilde, meiner eg det bør haldast utanfor pensum.

Ikkje berre auker kunnskapsmengden, tilgongen endrer seg. Mykje kunnskap er lett å få tak i, men korleis veit ein at kunnskapen er god nok til å bruke? Har dr Google alltid rett? Kvar finn ein nasjonale og lokale retteliner, og kva er rangert høgast?  Det å stille kritiske spørsmål er viktig, òg som student.

Høgare status

Fyrst og fremst må utdanning få høgare status. Det er sjølvsagt slik at pasienten skal komme fyrst. Er det berre ein som kan ta den vakta, må kanskje smågruppeundervisninga gå ut. Eller, må den det? Kan ein av overlegane ta vakta den timen LiS skal ha smågruppe?

Å drive undervisning er noko mange LiS syns er moro. Vi er i ein posisjon der vi har relativt god oversikt over faget vårt, utan å ha komt alt for langt inn i subspesialisering. I tillegg er vi sjølv i opplæring og hugser godt korleis det er å sitt langs veggen på morgonmøtet og lure på kven no denne legen ein skal være med på poliklinikken er.

Det er kombinerte stillingar for forskning. Kvifor ikkje for undervisning?

Vi veit alle at sjukehusa har som oppgåve å utdanne helsepersonell. Like godt veit vi at denne oppgåva stort sett skjer pro bono. Det er heilt rett det, om ein skal følge den hippokratiske eden. Likevel veit vi at det kostar pengar, eller rettare sagt: Det er ei investering. Studenten du lærer opp i dag, kan være legen som reddar nevøen din om ti år. Set vi ein pris på det, det være seg ein DRG-takst, tid i arbeidsplanen eller undervisningstillegg i løna, understreker vi at det er viktig. 

Tilbakemelding og trygge rammer

Tre av hovudpunkta vi diskuterer i rapporten er kunnskapshandtering, kommunikasjon og veiledning. I veiledning ligg òg refleksjon over eigen praksis, og tilbakemelding. Tilbakemelding er ikkje berre å få høyre at du er flinkast eller dårlegast. Eg hugsar eg vart skjelt ut av ein professor på ein visitt framfor to overlegar, tre LiS, ein turnuslege, ein sjukepleiar og eit par andre studentar fordi eg palperte arteria dorsalis pedis slik den andre professoren i karkirurgi meinte det skulle gjerast. Eg var absolutt den mest talentlause student som nokon sinne hadde satt sine bein på den avdelinga. 

«Ser ein på korleis folk lærer, finn ein ikkje overraskande at folk lærer betre i trygge rammer.» 
- Marit Halonen Christiansen - 

Tilbakemelding bør være hakket meir nyansert; kva bør studenten jobbe med, kva bør omstrukturerast i innkomstjournalen, kva bør ein prioritere å undersøke dersom ein får fem minutt til å undersøke abdomen. Tilbakemelding kan òg gå på det vanskelege omgrepet «skikket». Det er vanskeleg å danne seg eit bilete av kor skikka ein student er om ho berre er med deg på poliklinikken ein føremiddag.

Det er faktisk vanskeleg for studenten å lære optimalt om ho berre er med deg ein føremiddag òg. Ser ein på korleis folk lærer, finn ein ikkje overraskande at folk lærer betre i trygge rammer. Studentar bruker ofte mykje tid på å finne ut av logistikken på ei avdeling, dette er truleg noko av grunnen til at små sjukehus er populære. På eit universitetssjukehus der ein skal innom lungemedisin, arrytmologisk seksjon på kardiologen, infeksjonmedisin og generell endokrinologisk poliklinkk er det vanskeleg å finne rytmen. Skal du derimot være med ein lege i fleire dagar, blir terskelen lågare for å spørre og redselen for å gå seg vekk mindre. Som legementor er det òg lettare å la studenten sleppe til fordi det personlege ansvaret blir større. 

Styrka studieleiing og pedagogisk kompetanse

Det må sjølvsagt være ein plan bak dette. Vi meiner studieleiing må prioriterast på fakulteta. Nokon må ha oversikten og koordinere slik at need to know kjem på rett plass, og ikkje vert fortrengt av nice to know.

Vi som driv med undervisning bør ha pedagogisk kompetanse. Det å lære frå seg er eit fag, som i aller største grad òg kjem pasientane til gode!

Kva legg ein i pedagogisk kompetanse? Det er mellom anna å kunne planlegge og gjennomføre undervisning slik at dette fremmer læring og fagleg utvikling hjå studentane. Det går på val av læringsaktiviteter  - kva lærer ein best av – ei forelesning, ein artikkel, eller ein pasientkasuistikk? Det inneber òg å samle inn og bruke innspel frå kollegar inkludert studentane til å utvikle undervisninga.

Fakulteta i Noreg bør i enda større grad enn i dag samarbeide. Dette kan spenne frå at faglærarar ved eitt fakultet er sensor ved eksamen på eit anna, via utveksling, til felles læringsmål. 

Satsing på primærhelsetenesten?

For å bli litt politisk: Dersom dei politiske signala frå primærhelsemeldinga og folkehelsemeldinga skal takast på alvor, må utdanninga skje andre plassar enn på sjukehus. Om all vekst skal skje i primærhelsetenesten, må studentane være meir her. Sjukeheimspasientane er multimorbide og komplekse, bedriftshelsetenesta driv befolkningsretta helsearbeid, og kommuneoverlegen driv førebygging. Kvifor er studentane i så liten grad her?

Noko skyldast organisatoriske forhold fordi det er lettare å avtale studentundervisning med ein stor organisasjon som eit sjukehus enn med ein privatpraktiserande fastlege. Vel så viktig er finansieringa – sjukehusa får  pengar i rammene for undervisning, det får ikkje fastlegane, sjukeheimane, eller avtalespesialistar. 

DU kan gjere ein skilnad!

Ok, tenker du. Her har Legeforeninga tenkt og brukt pengar og laga ein rapport, men kva skilnad gjer det? Kva skal dei gjere med det?

Tja, presidenten og sentralstyret kan gjere ein del; bidra til å sette fokus på grunnutdanning, bringe temaet opp på arenaer der dei medisinske fakulteta ikkje er med, lage utdanningsprisar, og svare på høyringar i tråd med rapporten når den er vedtatt.

Du, som faktisk er ein del av Legeforeninga, er kanskje like viktig. Punkt ein er å alltid hugse at dersom det er ein student i rommet, driv du undervisning. Ta henne med og ha tolmod, send ein gul lapp i DIPS med korreksjon og tilbakemelding på innkomstjournalen ho har brukt 90 minutt på å ta opp. Bruk henne for det det er verdt når du står der med overlegen, for studenten si skuld er det verdt å gå gjennom kvifor ein nytter denne og ikkje den andre teknikken. Er det best practice, eller gamal vane? Dette kan ein jo med fordel òg spørre seg sjølv. Refleksjon over eigen praksis bør lærast som student, men det er jo fordi ein skal ta det med seg vidare.

Ta det med deg studentane inn i dei situasjonane du er. Når ein på personalmøtet diskuterer å legge om strukturen – vær den som taler studentane sin sak (dei er nemlig ikkje der) – korleis kan ein legge til rette for at det er lett å lære og lett å lære frå seg?

Er du tillitsvalgt? Kan ein få til ordningar for kompetanseoverføring? I nokon situasjonar kan det være greit å jobbe annleis, det er ikkje berre «seniorar» som kan være flinke undervisarar. Er avdelingssjefen interessert i eit pilotprosjekt med LiS som studentansvarleg i x % stilling? Få satt undervisningstida på arbeidsplanen, der den høyrer heime.

Får du løn? Ideelt sett, ja. Undervisning er ein kompetanse som bør merittere i meir enn knappar og glansbilete. Enn så lenge, for igjen å sitere anatomiprofessoren: «The look on a students face when the penny finally drops – priceless!»

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer