Nyheter > Fra foreningen

Leder Forum 1/2015

Rett før jul kom det endelege forslaget til ny spesialitetstruktur frå Helsedirektoratet (Hdir). Arbeidet er utført på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), og der ligg forslaget no. Dokumentet er offisielt, men kan ikkje finnast korkje på Hdir eller HOD sine sider.

Personleg skjøner eg det godt, forslaget har vore ute på høyring, men det er sørgeleg lite å finne att av det. Det verker nesten som om dei er litt skjemde over resultatet – eit viktig arbeid med store konsekvensar for norsk helsevesen i uoverskueleg framtid – er ikkje det noko ein burde vise fram?

Innhaldet er nokså likt som den versjonen som vart debattert på landsstyremøtet i fjor.

La meg fyrst sei: Ingen er usamde i at spesialistutdanninga kan bli betre. Sjølv ynskjer eg meg noko slik: Du starter i heilt ny jobb med tre månader innføring. Du skal jobbe på dagtid og gå følgevakt. Kirurgar og gynekologar må øve på laparaskopisimulatoren og kunne vise progresjon. Etter tre månader går du eigne vakter, men med følgevakt. Travle avdelinger og dårlige pasientar skal ikkje lide av at du er fersk. Etter 6-12 månader reiser du på «grunnkurs 1» i ditt fag. Du har sjølvsagt brukt dei siste studiedagane til å jobbe gjennom ein pre-test, slik at du får maksimalt utbyte når du reiser på kurs og treff andre relativt ferske LIS innan din spesialitet. Her diskuterer ein og finn ut at det kanskje fins ulike måtar å gjere ting på, trass alt.

Tilbake til rapporten. Dette var nemlig korleis eg vil ha det, ikkje korleis det er foreslått. Det er i grunnen ikkje så mykje konkret som er foreslått. Honnørorda sit laust. Til dømes skal «moderne pedagogiske metoder» (når vart moderne synonymt med betre?) som e-læring  spare pengar. Det er uvisst om all kursaktivitet skal foregå heime på fritida. Gruppe-I teneste utgår truleg. Frå eit sosialt aspekt har dette sjølvsagt fordelar, men ingen som har bytta avdeling kan vel vere usamd i at det er nyttig å få andre perspektiv på ting. Forskning skal ikkje lengre gje teljande tid til spesialitet. Eg har sjølv aldri forska, men veit at mine kollegaer som gjer det bringer noko meir inn i debatten, dei er betre på det vitskaplege fundamentet faget vårt bygger på.

"Sa nokon «pasientens helseteneste»?"

LIS i indremedisin skal kunne gå vakt utan spesialist i bakvakt. Sa nokon «pasientens helseteneste»? Kven vil komme til spesialisthelsetenesta og ikkje kunne treffe ein spesialist?


Og vi skal sjølvsagt effektiviserast. Dei same «moderne pedagogiske metodane» skal syte for det. Turnustenesten vert inkludert i spesialitetsløpet, og normert tid blir 5-6,5 år. Mi normerte tid for å bli gynekolog er i dag 5,5 år, pluss turnusteneste, altså 7 år. Slik tenesten er lagt opp i dag er vi svært få som klarer det, snitt-tida er 8 år etter turnus. Kortare tid gir mindre tid i den spissa delen av spesialiteten. Ein LIS i dag skal altså bli mindre spesialist enn dei som har blitt spesialistar til no.  Dette er ei forringing av spesialisthelsetenesta, og ei utholing av spesialistomgrepet.


Ylf og Legeforeninga gjer sjølvsagt alt vi kan for at spesialistutdanninga skal ha så høg kvalitet som mogleg. Det blir ein spanande vår. 

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer