Blogg > Yngreleger-bloggen

I dag har eg gløymt å ete matpakka. Og i går var vi ut for eit noko betent allmøte med leiaren for helseføretaket. Og vi gjekk etter tida i dag også. Mykje tyder på at vi studentane har vorte del av eit heilt vanleg, norsk sjukehus.

Etter å ha vore utplassert på eit heller velfungerande og koseleg lokalsjukehus på Vestlandet ein stad, sit eg att med ein del naive erfaringar om korleis ein urøynd femteårsstudent opplever eit sjukehus bak murane.

Du et ikkje matpakka di i tide

Sjølv om ein startar med godt mot, vil kløna i deg insistere på at det ikkje er noko problem å bruke 15 minutt på eit båtsnitt, 25 minutt på stinga, og 30 min på det polikliniske notatet etterpå. Og i det rushet gløymer du lett brødskivene dine fram til kl. 14.30.

Du veit alltid altfor lite

Jo meir aleine du føler deg, jo enklare er det for teflonhjernen å melde sin åtkomst. Litt som å bli kasta ut på djupna for å symje, berre at du som regel har ein turnuslege/livbøye du kan klamre deg tak i. Eg kan love deg, dei kan du flyte på!

Det synest ikkje på deg at du føler deg dum

Med mindre du har ein innebygd erytemfunksjon i andletet da. Den usynlege pinlegheita har to konsekvensar:
1) At det blir litt greiare å føle seg som ein grønsak frå tid til annan.
2) At det er veldig lurt å tilstå det ein ikkje kan. Da kan du få glimrande hjelp i staden for å «vere idiotisk kreativ» aleine.

Omsorga har eit anna språk

Etter kvart har eg innsett at sjukehusgangane ikkje er staden for å gjere kokos i hovudbotn for å seie at ein er glade i kvarande. Stammespråket for omsorg går meir i retning av det å få eit kort «kom, så skal eg vise deg noko», ein varsam tommel-opp på røntgenmøtet eller å bli fortalt ein vits av ein kul kirurg. Dessutan har eg funne ut at ingen er sure eller strenge, men at dei berre tenkjer veldig, veldig hardt, og at det til ein viss grad kan gå utover amygdala.


Og at det er gøy, det er det ingen tvil om!