Blogg > Yngreleger-bloggen

Trudde du at studentane vil bli som overlegen på avdelinga? Da tar du heilt feil. Vi vil aller helst vere som deg, om nokre år.

Akkurat no tenkjer vi ikkje mye på deg.


No græt nokon av eksamensangst, andre les for livet. Medan nokon grillar eksamenspølser i parken, blir andre grilla på munnleg eksamen. Det er sommar, sol og eksamenstid. Men om nokre dagar legg vi penna og stridsøksa ned, leverer frå oss 31 handskrivne eksamensark og går inn i våpenkvile med eksamensvaktene i eitt års tid.


Og da byrjar vi å tenkje på deg.


For no startar det. Turnustelefonen er ferdigringt for lenge sidan, sommarjobbane er tilsette og hospitering er allereie i gang. Medisinstudenten skal ut og lukte på helsesektoren i sommar, anten som jomfruturen eller tilbake til det sjukehuset han eller ho har vore dei siste fem åra. Det er her i sommarjobben vi treff deg første gongen. Og det er her du blir eit forbilde for oss.


Eg trefte deg første gongen i sommarjobben som pleieassistent på Slagavdelinga på St. Olavs. Du var heilt fersk, litt utrygg på nevrologisk vurdering og fekk litt hetta kvar gong trombolysealarmen gjekk, men det fordampa med sommarsola innan første veka. At du var usikker tenkte eg uansett ikkje på, for hetta hadde eg også fått i legefrakken din. Men at du prata til meg, at vi kødda litt saman, at vi tok opp noko klinisk i lag – og at du brydde deg om meg – det tenkte eg på heile tida. For gjennom deg kunne eg på ein realistisk måte førestille meg korleis eg kjem til å bli når eg er ferdig på studiet. Det er mye meir realistisk enn å sjå føre seg at vi blir som professoren som foreles for oss i slagbehandling når vi er ferdige.


Mange av oss synest det er viktig å ha nokon å sjå opp til når ein lærer. Nokon som har komme litt lengre enn oss, men ikkje uendeleg mye lengre, for å sjå korleis dei er som folk. Det første eg høyrer av vennene mine som har vore på utplassering i lokalsjukehus er kor bra det er å henge med turnuslegane i akuttmottaket eller å gå på fjelltur med dei. Og tredjeklassingane er alltid stornøgde når dei får gå i lag med ein LiS i staden for overlegen på veketeneste på medisinsk: "Wow, i dag fekk eg faktisk prøvd å vere litt lege!" kan resultatet vere da.


Det er innlysande for oss studentar kor stor innverknad dei kule, unge legane har på oss. Eg veit berre ikkje kor mye du har tenkt på det før. Men la det vere sagt, dersom professoren er ein kjedeleg og fåmælt far, fungerer du som den sjukt fete storebroren med langt hår og skateboard. Du er akkurat han og ho vi vil bli, med helsingar frå ein ti år gammal gut med regulering. Så om du ikkje har planar om ungar heilt enno, så har du her eit knippe framtidige legar som du enkelt kan forme i støypeskeia di.


Når folk no kjem att frå utplassering så snakkar ikkje folk om kor mange appendisittar sjukehuset tek ut i året. Dei skryt derimot hemningslaust over kor sinnsjukt hyggelege turnuslegane i Volda er. Og nettopp derfor skal eg til Volda sjukehus til hausten. For å finne meg deg som eit ideal og ein venn for framtida.


Riktig god sommar!