Blogg > Yngreleger-bloggen

Festen er over, men det er kake igjen.

Eit halvt år i sjukehuspraksis, og ein har så vidt fått smaken på kva som ventar ein.


Eg sit att med følgjande:

  • Den eldste kirurgen har alltid rett
  • Alt er medisinsk heilt til det motsette er stadfesta (av radiolog)
  • Sjukepleiaren bak deg har alltid kontroll

Kan hende det er lite og banalt, men dette er mine første knaggar i sjukehuslivet. Det har vore ei spennande tid for oss fire femteårsstudentane som har vore på dette koselege og velfungerande vestlandssjukehuset, og vi takkar for oss. Vi har (vonleg) hjelpt til litt i dagleg drift, og vi har drite på draget ved fleire høve. Det trengst nok.

Sjukehuset er eit merkeleg hus. Alt er hemmeleg for dei utanfor, og ein uskuldig blodprøve og ein ussel parese kan snu huset på hovudet. Men inni denne maurtuva kryr det av enda merkelegare arbeidarar. Ein skulle trudd dei som stod i dette kvar dag var maskiner og harde som stål, men jammen meg er de ikkje like knallharde som eg trudde.

Helselandslaget, det er oss!

Og dét, ser eg no, er det eg liker best med det heile. At turnuslegen faktisk får hjartet i halsen av blødande øsofagusvarisar, er litt godt å sjå. For det hadde i alle fall eg gjort! Det er òg fint å sjå at ein mellomvakt ikkje kan vere på tre plassar samtidig, og det er søtt at mange overlegar framleis fornektar touchmetoden. Og at nokon har skrive at det snart kjem eit elektivt «sexio» i mottak. Dei, eller de, er menneske, de òg, som ein kan bli venner med.

Fabrikk eller familiegard?

Det som likevel rører meg mest, er korleis vi padlar i lag opp same elva. Dei gamle auser av gode tips til dei yngre, og dei yngre gir muskelkraft og nye idear att. Her handlar det ikkje om personleg prestisje eller å rane forsikringsselskapet for pengar – derimot gutsar alle så hardt dei kan for å få den gamle gardskona Tomine frisk att. Helselandslaget, det er oss!

Det får meg til å tenkje at sjukehuset «mitt» ikkje berre er ein produksjonsfabrikk med pakkeforløp for pølsehermetikk, slik dei «høie» herrar ofte framstiller det. Vi er meir som ein familiegard med sterke personlegdomar, stolte tradisjonar, hjarteleg samhald og med einkvan gloheit diskusjon om kor ein skal setje potetane i år for å få mest att.

Eg må seie eg først vart paff da lungelegen tok med meg ut i trappegangen midt i visitten og plutseleg hadde hang-ups-konkurranse med meg. Men tenkjer eg etter, er dette berre ein del av korleis sjukehus-storfamilien speler saman, og det var faktisk ganske hyggeleg òg.

Og om vi mistar familien …

Om vi mistar familien og berre står att med fabrikken, tippar eg at kvar einaste barne- og ungdomspsykiater ville pælma ein og annan roten tomat og skjemdest over at dette er vårt barn, med relativt dårlege framtidsutsikter.

Juleklare og vemodige skrur vi callinga av for siste gongen i år, og Gabrielles «Ring meg» kan igjen berre skje gjennom mobilane våre. Og vi håpar det ringer. Frå vår nye vestlandsfamilie, eller i det minste når dei tilset sommarvikarane.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer

  1. Takk for besøket! Og takk for ein oppløftande og velskriven rapport!

  2. Velkommen tilbake, alle sammen!