Fekk eg all makt som helseminister for ein dag, ville eg fått igjennom ei skikkeleg satsing på folkehelse og førebygging av sosiale helseforskjellar. Eg ville innført 1 times fysisk aktivitet kvar dag i skulen, skulemåltid inkludert frukt og grønt til alle elevar til og med vidaregåande skule, stor satsing på friluftsliv/idrett/trygge skulevegar og andre tiltak som kan redusere inaktivitet.
Eg ville ha fjerna taxfreeordninga eller redusert kvotane og innført innhaldsmerking på all alkoholholdig drikk. Eg ville innført 20 års aldersgrense på tobakk og fått medikament mot nikotinavhengigheit på blåreseptordninga.
Eg ville avvikla føretaksmodellen og sytt før ny, folkevald styring av sjukehusa. Eg ville innført stadleg leiing på alle sjukehus og gitt tilsette i fyrstelinja meir ansvar og tillit. Eg ville sytt før at ein detaljert nasjonal helse- og sjukehusplan blei vedtatt i Stortinget som ei føring for kvalitet og tilbod. Sjukehusa skulle bli finanisert som eldreomsorg og skule – gjennom rammefinansiering etter behov.
Eg ville stoppa privatisering og sentralisering og styrka det offentlege helsevesenet. Eg ville gjort slutt på planane om bygging av storsjukehus og sytt før at lokalsjukehusa blei prioritert. Eg ville ha innført ei nasjonal beleggsgrense på norske sjukehus på 85 prosent. Eg ville reversert nedbygginga av døgnkapasiteten i psykisk helsevern og innført ein opptrappingsplan for psykisk helse i kommunane med øyremerka midlar.
Kommentarer
Øygunn Leite Kallevik
10.02.2017 20:13
Dersom du får resten av Sp med på dette, kan det snart vere snakk om partibytte frå mi side. Her er mykje å lære!