Nyheter > Fra foreningen

På tariffkonferansen i haust vedtok landsrådet å arbeide for at legespesialistar som har arbeid som heilt eller i vesentleg grad har preg av overlegearbeid, skal få overlegelønn. Og ein skal arbeide for ein definisjon av kva som skal reknast som overlegeoppgåver.

Kva er «legespesialist»?

  • Tariffbestemt lønnskategori for lege i spesialisering som blir spesialist i stillingen.
  • Lønnskategorien ligger mellom LIS- og overlegelønn.
  • Det er ikkje lov å lyse ut stilling som legespesialist.
  • Rapport om legespesialisten sine arbeidsvilkår vart behandla på tariffkonferansen 2020.

I 2014 fekk Ylf og Legeforeningen gjennomslag for kravet om faste stillingar for legar i spesialisering. Dermed vart 60 års standhaftig arbeid for Ylf krona med siger. Som konsekvens av dette vart det oppretta ein ny lønnskategori som fekk namnet legespesialist. Legespesialist skulle vera lønnskategori for legar i spesialisering (LIS) som vart ferdig spesialist i sin LIS-stilling, og lønna vart plassert mellom lønnskategorien «LIS C» og «overlege». I avtalen heiter det at legespesialist er meint å vera ein midlertidig lønnskategori etter endt spesialisering, og før legen vert tilsett i overlegestilling. Det er ikkje tillatt å lyse ut stilling som legespesialist.

Ei bekymring som meldte seg umiddelbart var at legespesialisten skulle bli ein billig overlege, og ei unnskyldning for å unnlate å utlyse nye overlegestillingar. Dette og fleire andre problemstillingar rundt vilkåra for legespesialisten gjorde at Ylf sitt årsmøte i 2019 vedtok å nedsette ei arbeidsgruppe som skulle sjå på vilkåra for legespesialisten. Ei arbeidsgruppe beståande av Ståle Clementsen og Mathis Heibert frå Overlegeforeningen saman med Kristing Fagereng og underteikna frå Ylf har skrive ein rapport som vart lagt fram for Ylf sin tariffkonferanse i Fredrikstad i oktober 2020.

I arbeidet med rapporten vart det sendt ut ei spørreundersøking seinvinteren 2020 til alle LIS som arbeidde som legespesialist. Blant spørsmåla var kva for arbeidsoppgåver legespesialistane hadde, kva for vaktordning dei gjekk i og kva for lønn dei fekk. Det vart også bedt om innspel til korleis Legeforeningen burde jobbe vidare med legespesialisten sine arbeidsvilkår.

Eit stort fleirtal svarer at dei har ansvar for bemanning av vakttelefon på dagtid, og at dei sjølvstendig utfører operative inngrep eller prosedyrer. Om lag halvparten har ansvar for supervisjon av LIS eller har ansvar for å vurdere henvisningar. Så mange som 1 av 4 har ansvar for kvalitetsarbeid i avdelinga, eller har utdanningsansvar. Svara viser at det er stor variasjon mellom ulike foretak, spesialitetar og avdelingar i korleis arbeidskvardagen er for legespesialistane. Dei fleste har oppgåver som ligg ein stad mellom LIS og overlege. Eit urovekkande stort mindretal oppgjev å ha identiske oppgåver som overlegekolleger, men til lågare lønn.

Det som langt dei fleste ber Legeforeningen arbeide med framover er prinsippet om lik lønn for likt arbeid. Det opplevest urettferdig å gjera det same arbeidet, å gå i same vaktordning, men få lågare lønn. Svara i underøkeselen viser imidlertid at biletet er nyansert. Det er fleire som gjev uttrykk for frustrasjon over at dei tross oppnådd spesialitet likevel ikkje får høve til å utføre spesialistoppgåver.

Basert på funna i rapporten og tilrådingane frå arbeidsgruppa vart arbeidsvilkår for legespesialisten diskutert på Ylf sin tariffkonferanse i haust. Landsrådet vedtok å arbeide for at lik lønn for likt arbeid skal finne stad, og at legespesialistar som har arbeid som heilt eller i vesentleg grad har preg av overlegearbeid, skal få overlegelønn. Vidare vedtok ein å arbeide for ein definisjon av kva som skal reknast som overlegeoppgåver, i tråd med tilrådingane i rapporten.

Svara i spørreundersøkinga viser at det krevst eit vedvarande og breitt fokus for å sikre gode arbeidsvilkår for legespesialistane. Ylf held fram sitt arbeid med dette, og har stor nytte av innspel frå deg som har spesialistskoa på. Dersom du har konkrete innspel til korleis styret sitt vidare arbeid med dette vil me gjerne høyre frå deg!

Legespesialist eller LIS D?

I avtalen om faste stillingar som kom i 2014 heitte det at lege i spesialisering som har fast stilling og blir spesialist, skal ha lønnskategori «legespesialist». Som følgje av denne formuleringa har legar i vikariat og legar i midlertidige stillingar (gamal 4-, 5- eller 6-årsstilling) fått lønn som LIS D, og dermed også ei lågare lønn. Legeforeningen har hevda at det er diskriminering av midlertidig tilsette, og difor også ulovleg. Under tarifforhandlingane 2020 vart partane samde om at midlertidig tilsett lege som blir spesialist skal ha lønns- og arbeidsvilkår som legespesialist, gjeldande med tilbakeverkande kraft frå 8. mai 2016. Legeforeningen og Spekter vil saman utarbeide skriftleg informasjon til medlemmene, slik at dei som har hatt fått for lav lønn kan få erstatta sitt tap.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer