Nyheter > Aktuelt

Foto: iStock.com/bilgehan yilmaz

Dei regionale helseforetaka (RHFa) har nedsett ei arbeidsgruppe som skal vurdere om sjukehuslegar kan jobbe innanfor grensene i Arbeidsmiljølova (AML). Gruppa hadde sitt første møte fredag.

Lokal kartlegging

I samband med gruppa sitt arbeid vil arbeidsgjevarsida gjera ei kartlegging av ulike avdelingar ved alle helseforetak som behandlar pasientar. Foretaka skal svare på om det vil vera uproblematisk å legge opp legane si arbeidstid etter AML, om det vil vera utfordrande/krevjande, eller om det ikkje let seg gjennomføre.

Legeforeningen har observatørstatus i arbeidsgruppa, og både Ylf og OF er representerte. Me ønsker å bidra til at arbeidsgjevar får eit best mogleg grunnlag for sitt arbeid. 

Foretaka skal svare på om det vil vera uproblematisk å legge opp legane si arbeidstid etter AML, om det vil vera utfordrande/krevjande, eller om det ikkje let seg gjennomføre

Det er arbeidsgjevar som skal gjennomføre sjølve kartlegginga, som skal vera ferdig innan utgangen av året. Tillitsvalde for Ylf skal få høve til å sjå rapportane og komme med skriftlege kommentarar. 

Meininga er ikkje at tillitsvalde skal konkludere om dei er for eller mot ei omlegging til arbeid innanfor grensene i AML. Hensikten er å dokumentere legegruppa sitt syn på kva konsekvensar ei slik omlegging vil få for mellom anna arbeidsbelastning, spesialistutdanning og pasienttryggleik. Tillitsvalde bør også gje ei vurdering av om ein er samd i den vurderinga arbeidsgjevar har gjort.

Dagens tariffavtale vs grensene i AML

Den gjennomsnittlege arbeidstida til eit medlem av Ylf i dag er 43.5 timer. Med heimel i AML § 10-12, fjerde ledd, har Legeforeningen avtalt unntak frå dei ordinære arbeidstidsgrensene i AML. 

Legar i sjukehus kan arbeide 19 timar i døgnet, og inntil 60 timar i veka. 20 timer kvar veke skal leggast mandag til fredag mellom 07 og 17. Me har også avtalt forkorta kviletid per døgn på 8 timar, og per veke på 28 timar.

(…) arbeider difor ein gjennomsnittleg sjukehuslege tilsvarande éin dag meir per veke, eller 10 veker meir per år enn det som er tariffavtalt ordinær arbeidstid for alle tilsette i helseforetaka

I tariffavtalen del A1 heiter det at tilsette i helseforetaka som jobbar kveld, natt og helg skal ha 35,5 timar arbeidstid per veke. I tillegg kjem pålagt utvida arbeidstid på 2,5 timar per veke, som er avtalt i A2. Når ein legg til frivillig utvida arbeidstid og overtid arbeider difor ein gjennomsnittleg sjukehuslege tilsvarande éin dag meir per veke, eller 10 veker meir per år enn det som er tariffavtalt ordinær arbeidstid for alle tilsette i helseforetaka.

Arbeidsgjevarsida og Legeforeningen er einige i at det verken er ønskeleg eller mogeleg for legane å arbeide innanfor dei ordinære hovudreglane i AML (9 timar per døgn, 38 eller 40 timar per veke). Arbeidsgjevar si kartlegging vil difor halde seg til AML sine ytterpunkt, det vil sei reglane om gjennomsnittsrekning av arbeidstida omtalt i AML § 10-5, og forkorta døgn- og vekekvil omtalt i AML § 10-8. Dette er dei vidaste rammene AML gjev, med mindre ein inngår avtale med fagforeining med innstillingsrett (jfr AML §10-12, fjerde ledd. Slik avtale er inngått i A2, den me kjenner som «vernebestemmelsane»).

For å kunne planlegge arbeidstid med utvida grenser som omtalt over krevst det lokal avtale med fagforeining. § 10-5 opnar då for 12,5 timar per døgn, og inntil 54 timer per veke. Arbeidstida kan snittreknast over ein periode på maks 8 veker, og skal då ikkje vera over 48 timar i snitt. §10-8 opnar for 8 timar døgnkvile og 28 timar vekekvile, som er dei grensene me har etter i dag etter vernebestemmelsane.

Arbeidsmiljølovas ytterpunkt etter avtale med lokal tillitsvalgt

  • 12,5 timers arbeidsdag
  • Maksimalt 54 timar i veka
  • Snittrekna arbeidstid maksimalt 48 timar i veka 
  • Arbeidstid snittreknast over 8 veker
  • 8 timer døgnkvile, 28 timer vekekvile

Faktorar tillitsvalde bør tenke over

Me reknar med at det totale behovet for legearbeid for å dekke aktiviteten i ei avdeling vil vera det same også uavhengig av kva for arbeidstidsordning ein vel. Vidare reknar me at det vil krevje like mange arbeidstimar å opparbeide seg spesialistkompetanse som det gjer i dag. Det er fleire faktorar som Ylf sine tillitsvalde må vera merksame på ved gjennomgang av de lokale rapportane frå avdelingsleiinga, klinikkleiinga eller foretaksleiinga:

Arbeidsbelastning

Viktige faktorar her er vaktlengd, intensitet og hyppigheit av vakter inklusive helgevakter.

  • Er legegruppa samde i arbeidsgjevar si vurdering av behov for fleire legar?
  • Kva skjer med arbeidsbelastninga den tida ein er på jobb ved overgang til kortare vakter?
  • Kva skjer med arbeidsbelastning ved overgang til kortere arbeidsuker?
  • Førekjem det bruk av uregistrert overtid som bidreg til å underestimere behovet for arbeidskraft?
  • Korleis vil fleire vaktbyte påverke arbeidsbelastninga?
  • Kan de avvikle nødvendig rapport med 12,5 timar lange vakter?
  • Har arbeidsgjevar vurdert behovet for meir støttepersonell ved reduksjon av legane si arbeidstid?

Utdanning av sjukehusspesialistar

Dei nye spesialistreglane er klare fyrst i februar 2018. Ta derfor utgangspunkt i dagens ordning.

  • Er legegruppa samde i arbeidsgjevar si vurdering av om det lar seg gjera å gjennomføre spesialistutdanninga innanfor same tidsrammer som i dag?
  • Korleis påverkar ei evt. omlegging vektinga mellom vaktarbeid og anna legearbeid?
  • Korleis påverkar ei evt. omlegging tilgjengeleg tid til å gjennomføre nødvendige kirurgiske og medisinske prosedyrar?
  • Påverknad av fordjupingstid?
  • Er det mogeleg å oppnå generelle kompetansekrav i arbeidstida?
  • Rekn ut brøken vakttimer/total gjennomsnittleg arbeidstid i dagens plan og i foreslått plan innanfor AML. Kor stor prosentvis reduksjon i tilgjengeleg tid til arbeid utanom vakt vil LIS få ved di avdeling? 

Pasienttryggleik

Slitne legar, samtidighetskonfliktar og legane si reelle kompetanse påverkar pasienttryggleiken.

  • Er legegruppa samde i arbeidsgjevar si vurdering av påverknad av pasienttryggleiken?
  • Effekt av hyppigare vaktbyte på pasienttryggleiken?
  • Effekt av kortare vakter på pasienttryggleiken?
  • Effekt av kortare arbeidstid per veke på pasienttryggleiken

Dugnad for kollegaene

Dersom sjukehuslegar skal arbeide innanfor rammene til AML, inneber det ei betydeleg endring i arbeidstidsordningane for de fleste sjukehuslegane i landet. Kritisk evaluering og kommentering av lokale rapportar kjem sikkert til å ta både tid og humør frå lokale tillitsvalde ute i avdelingane.

Det er likevel utruleg viktig at dette arbeidet vert gjort, og at ein leverer skriftlege kommentarar ved alle foretak. Dette er den einaste måten Ylf kan dokumentere lokal semje og/eller usemje gjennom denne prosessen, og det er heilt nødvendig for at Legeforeningen sine tillitsvalde i den sentrale arbeidsgruppa skal kunne kommentere analysane frå foretaka på ein konstruktiv måte.  

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer