Arbeidsliv

Leger som ikkje har avtent verneplikt kan bli innkalla til teneste som vernepliktig akademiker (tidlegare VAB-lege). Denne artikkelen omtaler rettar og plikter du har som lege dersom du blir innkalla til vernepliktig teneste i Forsvaret.

Forsvaret har eit behov for akademisk kompetanse. Difor vert legar som ikkje har vore inne til førstegongsteneste, innkalla til førstegongsteneste som vernepliktige akademikarar. Heimel for denne praksisen står i «Lov om verneplikt og teneste i Forsvaret».

Alle norske statsborgarar som er skikka til teneste har verneplikt frå det året dei fyller 19 år, til det året dei fyller 44 år. Vernepliktige som ikkje kallast inn til teneste i Forsvaret, kan overførast til Sivilforsvaret eller til politiet. Plikta til å avtene førstegongsteneste fell bort dersom den tenestepliktige ikkje er kalla inn til teneste i løpet av det året vedkomande fyller 28 år. Dersom førstegongstenesta er utsett og den tenestepliktige sjølv har medverka til dette, varer plikta ut det året vedkomande fyller 33 år.

Vernepliktige kan kallast inn til ordinær- og ekstraordinær teneste (sjå faktaboks).

Vernepliktige kan bli pålagt totalt 19 månader med ordinær teneste. Når ein er funne skikka og innkalla til å møte til teneste, pliktar ein å møte. Innkallinga skal innehalde informasjon om oppmøtetidspunkt, tenestestad og om kor lenge tenesta varer.

Når vernepliktige innkallast til førstegongsteneste skal det, så langt det er mogleg, takast omsyn til den enkelte sitt ønske om tenestestad. I praksis vil Forsvaret fordele legane dit dei ser behov for det.

Med ordinær teneste meinast:

  • Førstegongsteneste
  • Repetisjonsteneste
  • Årleg heimevernsteneste
  • Offisers-, befals- og spesialistopplæring

Med ekstraordinær teneste meinast:

  • Teneste for å avverge og avgrense naturkatastrofar eller ulukker
  • Vakthold og sikring av objekt og infrastruktur
  • Teneste for å ivareta andre vesentlege samfunnsinteresser
  • Særlege øvingar som skal styrke Forsvaret
  • Beredskapsteneste ved styrkeoppbygging

Fritak frå teneste:

Vernepliktige skal fritakast frå teneste i Forsvaret dersom det er grunn til å anta at dei ikkje kan gjennomføre tenesta utan at det kjem i konflikt med deira alvorlege overtyding og verdiar som er av fundamental betydning for den vernepliktige.

Det kan tidlegast søkast om fritak frå teneste på sesjon, eller på eit seinare tidspunkt når det er bestemt at ein er skikka til teneste. Ein er likevel ikkje friteken for ekstraordinær teneste.

Ein vernepliktig som har søkt om fritak skal ikkje innkallast medan søknaden behandlast. Dersom det søkast om fritak etter innkalling, kan Forsvaret oppretthalde innkallinga og bestemme at tenesta skal halde fram inntil søknaden er behandla, i maksimalt fire veker.

Kva kan du som er vernepliktig med akademisk utdanning forvente?

Medan du er i ditt første utdanningsår vil Forsvaret kalle deg inn til eit forkurs. Dette varer i inntil ei veke, og gir informasjon om kva typar karrieremuligheter Forsvaret kan tilby. Det blir også gjort fysiske og medisinske testar under forkurset. Det er viktig å merke seg at ein, etter dette kurset, er i registera til Forsvaret og at ein difor kan kallast inn inntil det året ein fyller 33 år.

Etter endt utdanning (og gjennomført turnusteneste/LIS1) vert ein innkalla til sjølve tenesta. Vernepliktstenesta startar med eit offiserskurs. Legar har då grad som fenrik. Kurset består av 5 veker grunnleggande soldat-utdanning, og ein leiarskapsmodul som varer i 3 veker. Når opplæringa er gjennomført og bestått, får ein gradsopprykk til løytnant.

Etter fullført offiserskurs startar ei fagopplæring som varer i mellom ei veke og tre månader. Innhaldet i dette er noko avhengig av tildelt tenestestad.

Etter endt opplæring startar tenesta ved den tenestestaden ein har fått tildelt. Ein vil då tenestegjere ved Forsvarets Sanitet, i Hæren, i Sjøforsvaret eller i Luftforsvaret. Detaljert informasjon om tenestestadane er tilgjengelege på Forsvaret sine heimesider.

Andre muligheter

Tre månader etter gjennomført fagopplæring kan ein søke om teneste i internasjonale operasjonar. Ved deltaking får ein godkjent inntil 6 månader av den totale tenesteplikta på 19 månader.

Etter 12 månader som vernepliktig akademikar, kan ein søke på stilling som yrkesbefal i Forsvaret dersom det lysast ut stillingar.

Løn og velferdsordningar

Løn i Forsvaret vert gitt etter grad. I starten av VA-tenesta har legar grad som fenrik. Etter åtte veker og fullført offiserskurs får ein opprykk til løytnant. Legar i stilling som VA-lege får løn i lønstrinn 54.

Den totale løna er avhengig av typen teneste ved den tenestestaden ein har fått tildelt. Lønssystemet i Forsvaret gir ei grunnløn for vanleg dagarbeid. Deretter vert det gitt tillegg for øvelsar, både i og utanfor arbeidstid. Dersom ein deltek i ei avdeling som øver mykje og aktivt utanfor ordinær arbeidstid, vil ein dermed tene langt meir enn dersom ein er i ei avdeling som først og fremst treng ein statisk lege på eit legekontor i vanleg dagarbeidstid.

Ved enkelte tenestestader deltek dei tenestegjerande legane også i legevaktsordningar. Dette lønast med ein eigen sats for legevakt.

Bolig: Vernepliktige akademikarar er i målgruppa for busetting i Forsvaret sine boligar, jfr. Bestemmelser for Forsvarets boligvirksomhet. Husleigenivået skal vere nøkternt, sett opp mot ulempene ved Forsvarets særegne tenestemønster. Utleigeperioden gjeld for same periode som tenestetida.

Pendlarstatus: Vernepliktige akademikarar er underlagt den såkalla disponeringsordninga, og får tildelt pendlarreiser etter gjeldande regelverk – sjå Bestemmelser for transporttjenesten i Forsvaret, pkt 20. Det gjerast tilpasningar avhengig av forsørgaransvar og familiesituasjon. Pendlarreiser tek utgangspunkt i den staden der personellet ved beordringsdato/tilsetjingsdato eig/leiger og bur i ein fast, sjølvstendig bustad, jfr. Særavtale om merutgiftsdekning, ulempe- og risikokompensasjon for Forsvaret.

Militærteneste og fagleg spesialisering

I krava til dei ulike legespesialitetane er det nedfelt at ein må ha ein veileder, eit omfang av vaktteneste, deltaking i undervisning, i tillegg til eit dokumentert innhald knytt til den enkelte spesialiteten, for å få godkjent tenestetid til ein spesialitet.

Det finnast døme på enkeltpersonar som har fått dette til. Dette krev betydeleg eigeninnsats og initiativ, ettersom det ikkje finnast noko formalisert apparat for spesialisering av legar i Forsvaret i dag.

Spørsmål og informasjon

Legeforeininga har eigne tillitsvalgte for dei vernepliktige akademikarane. Desse er organisert i Yngre legers forening.

Informasjon om rettar knytta til flytting, pendlarreiser og bustad er lenka her.

Øvrige spørsmål kan rettast til sekretariatet i Legeforeningen, eller direkte til Forsvaret (tlf 03003 eller Fpvs.kontakt@mil.no ).

Ved innkalling vil du få tilsendt meir informasjon om tenestetype og –stad, samt om rettar og plikter ved avtening av verneplikt som lege i Forsvaret.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer