Nyheter > Aktuelt

iStock/xmee

Kvar går grensene mellom overlegar og legespesialistar, og kva skal lønna vera? Landsrådet i Yngre legers foreining diskuterte vilkåra for legespesialist på tariffkonferansen.

Ved innføringa av faste stillingar i helseforetaka frå 1. juli 2015 vart det samtidig avtalt ein ny stillingskategori i tariffavtalen del A2 – legespesialist.

Legespesialistkategorien er meint for ein overgangsperiode, etter at lege i fast stilling er godkjend spesialist og før vedkomande er ansatt i stilling som overlege. Det er ikkje høve til å lyse ut stilling som legespesialist.

Kategorien er øyremerkt til lege som blir ferdig spesialist i si faste stilling som lege i spesialisering. Legespesialiststilling gjev rett til utdanningspermisjon på same måte som overlegar, og kurs på linje med overlegegruppa. Legespesialist følger i hovudsak øvrige bestemmelsar om lønn som overlegegruppa, men har lågare minimumslønn enn overlegar.

I fråvær av riktig dimensjonering er det fare for at legespesialistgruppa veks i omfang, og såleis vert ein "billegare" overlegekategori.

Skal ein innfri partane sin intensjon om at legespesialistkategorien skal gjelde ein overgangsperiode før overlegestilling så er riktig dimensjonering ein nøkkel. Det handlar både om høvet mellom stillingar for legar i spesialisering og stillingar for overlegar, men også om oppretting av tilstrekkeleg antal overlegestillingar isolert sett for å møte spesialistbehovet i framtida.

I fråvær av riktig dimensjonering er det fare for at legespesialistgruppa veks i omfang, og såleis vert ein "billegare" overlegekategori.

Arbeidsoppgåvene til legespesialisten

Legespesialistgruppa utgjer ein mellomkategori mellom lege i spesialisering og overlege. Formelt sett er det ikkje avklart mellom dei sentrale partane om legespesialist skal arbeide i LIS-sjiktet eller i overlegesjiktet. Arbeidsgjevar vil såleis i kraft av styringsretten kunne plassere legespesialisten der det er behov.

På den andre sida har tariffpartane heller ikkje avtalt at det er høve til å opprette eit mellomsjikt av f.eks vaktgåande legar som kun omfattar legespesialistar. Ein kan argumentere for at ei slik innretting er tariffstridig fordi det bryt med intensjonane i avtalen, då alternativet ville vera å opprette fleire overlegestillingar. Vidare kan ein argumentere med at lågare lønn for å utføre overlegeoppgåver bryt med tariffavtalen. På den andre sida vil det ikkje alltid vera like lett å avgrense kva for oppgåver som høyrer til kva for gruppe, dette kompliserer biletet.

Fortsatt ikkje greinspesialist. Kva med lønna?

Ei anna problemstilling er der legen i spesialisering held på med ein greinspesialisering, og der det føreligg spesialistgodkjenning i hovudspesialiteten. Enkelte stader har det oppstått diskusjonar der arbeidsgjevar hevdar at ein ikkje kan tilstå lønn som legespesialist før greinspesialiseringa er godkjent. Det er ikkje korrekt.

Avgjerande for retten til legespesialistlønn er godkjenning i hovudspesialiteten. Det har aldri vore diskutert mellom partane sentralt at legar i greinspesialisering skal måtte vente på legespesialistlønn til også greinutdanninga er ferdig.

Enkelte stader har det oppstått diskusjonar der arbeidsgjevar hevdar at ein ikkje kan tilstå lønn som legespesialist før greinspesialiseringa er godkjent. Det er ikkje korrekt.

Eit slikt resultat vil gje heilt urimelege utslag dersom dei som går 1 ½ - 3 år ekstra for å oppnå greinspesialitet skal ha mindre lønn etter fullført hovudspesialitet. Det er ikkje ein ny spesialitet dei byrjar på, men ei påbygging til hovudspesialiteten. På dette punktet er det pågåande usemje mellom partane ved fleire føretak, som er løfta til partane sentralt.

Rapporterte utfordringar i dag

Ifølge avtalen skal «Spekter og Legeforeningen jevnlig drøfte hvorvidt intensjonen i disse forutsetningene er oppfylt».

Vilkåra for legespesialisten er eit tema som har gjeve Ylf-tillitsvalde aukande grunn til uro det siste året. Det kjem stadig meldingar frå tillitsvalte som reagerer på spesialistar i LIS-stillingar som får LIS-lønn for overlegearbeid. For å kartlegge no-situasjonen har Ylf difor spurt dei føretakstillitsvalte om situasjonen for legespesialistar i deira føretak.

  • Det er vanskeleg å skaffe oversikt over kor mange som er tilsett i stilling som legespesialist mellom anna fordi registreringspraksis gjer det vanskeleg å skilje ut dei som går i overlegevikariat.
  • Ved Oslo universitetssykehus vurderer legespesialister ved alle klinikkar henvisningar.
  • Ved ein klinikk har legespesialist gått bakvakter med overlegelønn, men kun fått LIS-lønn på dagtid.
  • Ved ein annan klinikk er det ingen bakvakt dei gongane legespesialist går vakt, og slik kan ein spare ein vaktturnus for overlege.
  • Andre føretak melder om legespesialistar som vekslar mellom overlege- og LIS-oppgåver.
  • Enkelte stader vekslar legespesialist sågar mellom overlege- og LIS-vakter.
  • Tillitsvalte ved eitt føretak melder om legespesialistar som går vakter i overlegesjikt, og har fulle overlegeoppgåver inkludert utdanning, supervisjon og veiledning.
  • Eit føretak forsøkte å lage eit eige vaktsjikt med utelukkande legespesialistar der desse skulle gå i front utan bakvakt. Intensjonen var då å spare eit heilt overlegevaktlag. Dette er førebels ikkje gjennomført.

Legespesialisten allereie ein rimeleg overlege?

Oppsummert viser kartlegginga at legespesialistar slik situasjonen er i dag i stor grad vert brukt til overlegeoppgåver. Særleg verkar det å gjelde oppgåver knytt til veiledning og supervisjon. Det er også mange som svarer at legespesialist vurderer henvisningar, og fleire stader vert dei også nytta til å bemanne vaktcalling på dagtid. Somme stader går legespesialistar same vakter som overlegar, men får betalt som LIS.

Oslo Universitetssykehus utpeikar seg med flest konkrete problemstillingar rundt bruken av legespesialist. Ein del av forklaringa på det kan vera at OUS har fleire legespesialistar enn samtlege andre føretak. Det kan også tenkast at det er forhold ved drifta på OUS som stimulerer til utnytting av legespesialistar i større grad.

Det er behov for eit fortsatt sterkt fokus på vilkåra for legespesialistane, inkludert eit arbeid for å halde fortløpande oversikt over kor mange dei er, kva for oppgåver dei utfører og kor lenge dei står i legespesialiststillinga.

Ylf meiner at sjukehusa må planlegge for å dekke sitt framtidige spesialistbehov med overlegestillingar. Førande for dimensjonering av LIS- og overlegestillingar må vera regionen og sjukehuset sitt noverande og framtidige behov for spesialistar innan kvart fag. Landsrådet fatta difor følgande vedtak på tariffkonferansen:

YLF mener at helseforetakenes spesialistbehov skal dekkes med overlegestillinger. Brudd på avtale mellom partene omkring legespesialisten kan ikke aksepteres.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer