Foto: Arkivbilde
Nyheter > Aktuelt
I slutten av april er det valg i Ylf. Fire kandidater kjemper om å overta ledervervet etter Christer Mjåset. Yngreleger.no har utfordret kandidatene til å svare på 11 spørsmål. Dagens kandidat er Håvard Ravnestad.
Nåværende jobb: Gruppe-1 tjeneste i kardiologi (Rikshospitalet, OUS)/Hjerteavdelingen Ahus.
Tidligere og nåværende verv: Styremeldem i Ylf, foretakstillitsvalgt for Ylf (Ahus), styremedlem i Akershus legeforening.
.
.
Hva mener du er de tre viktigste sakene Ylf skal jobbe for de neste to årene?
- Me må ta eit tydeleg ansvar som fagforening, og gjera arbeidsbelastning til vår fanesak! Me må slutte å late som om legar er innvilga unntak frå biologiske lover, og ikkje vert påverka av lange, hektiske vakter utan søvn.
- Me må jobbe for å konkurransedyktig lønn, med god legelønn også når ein kombinerer legejobb og familie. Dette vil kreve kløkt på fleire plan.
- Sist men ikkje minst: Me må fortsatt kjempe for ryddige tilsetjingsforhold! Me vann kampen om faste stillingar for fem år sidan, etter å ha slåst for det i over 60 år. Like fullt ser me legar i ulovlege vikariat, «gråsone-stillingar» utan ordentleg veiledning og utan oppseiingsvern. Dette kan me ikkje akseptere!
Hvordan skal du oppnå dette?
- Me må lære opp våre tillitsvalgte, slik at dei er best mogeleg rusta for å snakke om arbeidsbelastning lokalt, både med medlemmene og i møte med leiinga. Me må også sjå på om våre noverande arbeidstidsordningar fortsatt er forsvarlege, etter over 20 år med stadig aukande tempo i sjukehusa.
Dere er fire stykker som kjemper om ledervervet. På hvilken måte skiller du deg fra de andre kandidatene?
- Eg har i større grad enn dei andre kandidatane framheva viktigheten av god dialog med Overlegeforeningen. Det er særleg i dei sakene me har motstridande interesser me treng å kunne snakke godt saman. Me treng eit sterkt, handlekraftig Ylf som jobbar til beste for våre 10.000 medlemmer. Eg meiner den beste måten å sikre det på er å bygge vår organisasjon på ein sterk, samla Legeforening. Ei stemme på meg er ei stemme på dette.
Hva gjør akkurat deg best egnet som ny Ylf-leder?
- Eg har ei tydeleg stemme og er ikkje redd for å bruke den, men kan samstundes halde kjeft når eg bør lytte. Eg har vorte utfordra og lært mykje som tillitsvalgt på klinikk- og foretaksnivå, og som styremedlem i Ylf dei siste åra. Eg har refleksjonsevne, og eg kjenner organisasjonen. Desse eigenskapane gjer meg til den leiaren Ylf treng no.
Hva tenker du om dagens LIS1-situasjon, og på hvilken måte skal Ylf arbeide videre med dette?
- Me treng 200 nye stillingar snarast råd. Dei nye fråværsreglane er meiningslaust rigide, og må endrast. Søknadshandteringa må bli betre. Screeningspørsmåla som vert brukte ved sortering av kandidatar til intervju må offentleggjerast. Kvalifikasjonsprinsippet må etterlevast betre enn tilfellet er i dag. Ylf har ei kjempeviktig rolle som vaktbikkje for å sjå til at reglane vert holdt. Samtidig må me halde tett dialog med myndigheitene for å betre rammebetingelsane i dagens ordning.
Ny spesialistutdanning for LIS2 og 3 startet 01.03.19. Hva er bra med den nye ordningen?
- Får me til meir supervisjon og rettleiing slik intensjonen er, så er det bra. Krav til kunnskap om kvalitets- og pasienttryggleiksarbeid er no inne, det høyrer heime i ei moderne spesialistutdanning. Fleire av læringsmåla er gode, og representerer klarare ferdighetskrav enn krava i gamal ordning. Det er også bra at dei obligatoriske kursa så langt er beholdt i ny ordning.
Hva ser du for deg vil bli den største utfordringen, og hvordan skal du løse det?
- Det totale fråværet av finansiering er det klart største problemet med reforma. Me må halde fram med å sette utdanninga på dagsorden når tillitsvalgte møtest. Ved å følgje utviklinga tett fangar me best opp utfordringar som må løftast til sentrale partar, RHF-nivå eller myndighetene.
For mange av Ylfs medlemmer er det viktig å kunne kombinere lege- og familielivet. Hvordan vil du jobbe med denne saken?
- Vaktfritak for gravide var ein avgjerande siger i kampen for eit likestilt arbeidsliv for vaktgåande legar. Framover må me arbeide for ei grunnlønn som er god nok til at utvida teneste/arbeidstid (UTA) reellt sett er frivillig. Vidare må me sørge for arbeidstidsordningar som gjer det mogeleg å vera lege i alle fasar av livet.
Nevn én ting du særlig ønsker å jobbe for å forbedre i Ylf som organisasjon hvis du overtar som leder.
- Me må ta vare på det brennande engasjemantet som Ylf lever av! Å vera tillitsvalgt gjev innflytelse, innsikt og inspirasjon. Ylf treng stadig nye tillitsvalgte, og eg ønskar ei kampanje for å rekruttere medlemmer til tillitsverv. Sterke tillitsvalgte er ein føresetnad for å få gjennomslag for våre kampsaker.
Hvordan vil medlemmene merke forandring hvis du bli Ylf-leder?
- Medlemmene skal framfor alt merke at dei har ein sterk tillitsorganisasjon i ryggen, som aktivt søker informasjon om deira behov og som kjemper for dei sakene som betyr mest for medlemmene. Som leiar vil eg jobbe for at Ylf set arbeidsbelastning og kravet til forsvarlege arbeidstidsordningar øvst på dagsorden.
Og hva med de tillitsvalgte spesielt?
- Eg vil arbeide for endå høgare kvalitet på tilbodet til våre dedikerte tillitsvalgte. Som leiar av Ylf vil eg også legge større vekt på å gje landsrådet god innsikt i styret sitt arbeid og prioriteringar. Debattane på tariffkonferansar og årsmøter skal vera motoren som driv foreninga vår. Det er god meningsbrytning som fører Ylf framover!
Kommentarer