Nyheter > Aktuelt

Helselederskolen har vært på samling i London. Les Hanne Hopes reisebrev fra turen.

Helselederskolen er eit ambisiøst prosjekt frå Legeforeningen med mål om å inspirere fleire unge leger til å interessere seg i leiarskap og på eit tidlegare tidspunkt enn i dag. I løpet av det siste halve året har det vore fem samlingar med innføring i ulike aspekt av leiing. Fredag 15.03 reiste me til London for å få eit internasjonalt perspektiv på temaet.

Det har vore ei intensiv helg der me vart introdusert for ei rekke profilerte leiarar i både det britiske og norske helsevesenet. Våre eigne typisk norske haldningar vart utfordra på viktigheita av nettverksarbeid og profilering av eigne prestasjonar. Britiske helseleiarar fortalte om både sitt potensiale og sine utfordringar med å møte krav om kvalitet i helsevesenet, spesielt med heilt andre økonomiske føresetnadar i befolkninga. Viktigheita av å optimalisere kvalitet utan å auke kostnad er enda større under slike forhold. Det å vete kor gode ein er, spesielt kor god ein er relativt til dei beste, vart tydeleg presisert. Også norske helseleiarar fortalte om sine erfaringar. Tidlegare president i Legeforeningen og noverande direktør for sjukehuset i Østfold, Hege Gjessing, fortalde om leiing i eit helsevesen i stadig endring og presenterte ulike suksessfaktorar for å lukkast. Det var eit stort mangfald i forelesarane, og fleire hadde svært ulike bakgrunnar når det kom til arbeidserfaring. Fleire som hadde veksla mellom arbeid i og utanfor helsevesenet trakk dette fram som positive erfaringar for sine vidare prosjekt.

"Ulike leiarars hjartesukk som manglande påverknadskraft, for lite styringsmakt og det utfordrande endringsarbeidet som kontinuerlig går for seg, er på mange måtar universelle."

Mange av utfordringane ein ser i Noreg, ser ein også internasjonalt. Ulike leiarars hjartesukk som manglande påverknadskraft, for lite styringsmakt og det utfordrande endringsarbeidet som kontinuerlig går for seg, er på mange måtar universelle. Eit mantra gjennom samlinga har vore at leiarkvaliteter må vere tilstades under heile utviklinga, ein kan ikkje vente at slike eigenskapar skal kome først når ein trer inn i ei leiarstilling. Gjennom vårt kliniske arbeid som lege leiar ein team av helsearbeidarar, men også pasientar og pårørande. Me har eit helsevesen i rask endring. Pasientar blir stadig betre informert, noko som setter høgare krav til legers leiarevner for å sikre god oppfølging. Dette er også ein stor del av bakgrunnen for helseleiarskulen. Gjennom å styrke dei eigenskapane og kvalitetane for unge leger vil ein ikkje berre vere rusta til å ta på seg administrative leiaroppgåver, men også utføre sitt kliniske arbeid på ein betre måte.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer