Oppdatert artikkel med endeleg informasjon om søknadsprosessen (oppdatering 10.04.2018)
Nyheter > Fra foreningen
Illlustrasjon: iStock.com/467463476
Fram til no har det mangla utdanningstilbod innan leiarskap som rettar seg mot helsepersonell som ikkje innehar ei leiarstilling - enno. Det endrar seg no!
Godt og moderne leiarskap i helsevesenet er eitt av dei viktigaste måla for Legeforeningen. Me ønsker leiarar som ser sine arbeidstakarar som bidragsytarar, som tør å stille spørsmål og som vågar å starte ambisiøse prosjekt.
Legar i leiarroller
Det er på tide at me tar eit større ansvar for framtidig leiarskap av norsk helseteneste! Det er ein uttalt ambisjon for Legeforeningen at legar skal tre inn i leiarroller på alle nivå i helsetenesta.
Det finst også ei rekke tilbod om vidareutdanning innan leiarskap for helsepersonell. Felles for dei tilboda som eksisterer i dag er at dei hovudsakleg rettar seg mot dei som allereie er i ei leiarrolle. Det har imidlertid mangla eit utdanningstilbod innan leiarskap for helsepersonell som ikkje innehar ei leiarstilling - enno.
Difor har Yngre legers forening (Ylf) tatt initiativ til å utvikle eit introduksjonskurs i helseleiarskap for medisinstudentar og yngre legar i spesialisering.
Etter framlegg frå Ylf vedtok Legeforeningen sitt sentralstyre i januar å opprette «Helselederskolen», eit kurs på masternivå utvikla i samarbeid med Avdeling for helseledelse og helseøkonomi (HELED) ved Universitetet i Oslo. Kurset blir ein del av «Helselederprogrammet», ei større satsing på utdanning innan leiarskap frå Legeforeningen.
Mål for Helselederskolen
Helselederskolen har som mål å gje framtidas norske helseleiarar nødvendig kunnskap og verktøy allereie tidleg i karrieren. Me vil gje studentar og unge klinikarar med leiarskapsambisjonar høve til å utvikle sitt talent, og gje dei eit sterkt utgangspunkt for seinare erfaringsbasert vidareutdanning innan helseleiarskap.
Det er nødvendig å styrke leiarskap som fagfelt blant legar i klinisk arbeid. Det vil Helselederskolen bidra til!
Helselederskolen
- Del av Legeforeningens Helselederprogram
- Arrangeres av Legeforeningen i samarbeid med Universitetet i Oslo
- Gir 15 studiepoeng
- Oppstart september 2018
- Søknad via legeforeningen.no
- Søknadsfrist 30.april 2018
Legeforeningen og Universitetet i Oslo
Helselederskolen vert arrangert i samarbeid med Jan Frich og Oddvar Kaarbøe fra HELED ved Universitetet i Oslo. Kurset går som totalt seks samlingar over seks laurdagar og ein søndag. Undervisninga går frå 11 til 18.
Fem av samlingane blir heldt på Legenes Hus i Oslo, medan den sjette blir ein utanlandstur med undervisning både laurdag og søndag. I tillegg skal kvar kandidat følge ein sjølvvalt leiar i ein dag, og skrive ein rapport om det i etterkant. Kurset vert avslutta med ei skriftleg oppgåve (heimeeksamen). Blant emnene kurset vil dekke er organisasjonspsykologi, økonomi, endringsleiarskap, innovasjonsleiarskap og leiarskap av helsevesenet i eit internasjonalt perspektiv.
Det er nødvendig å styrke leiarskap som fagfelt blant legar i klinisk arbeid
Gjennom kurset vil du møte ei blanding av forelesarar frå HELED, eksterne forelesarar og faglege ressursar frå Legeforeningen. Kurset vil kvalifisere for 15 studiepoeng på masternivå.
Kandidatane vil få dekka reise til og frå Oslo, og hotellopphald for eitt døgn i samband med kvar samling. For utanlandsturen dekker Helselederskolen reise og opphald.
Krav for deltaking
Kurset er mynta på medisinstudentar med fire fullførte studieår ved kursstart (kan inkludere eit år forskarlinje), og for turnuslegar / legar i spesialisering dei fyrste fire år (teljande teneste) etter avlagt eksamen. Kurset er ope for legar i spesialisering i så vel primærhelsetenesta som spesialisthelsetenesta, samt vitskaplege eller andre institusjonar.
Har du det som skal til? Følgande er krav for deltaking:
- Medlem av Legeforeningen
- Innehar generell studiekompetanse
- Anledning til å delta på minst seks av sju samlinger
Søknad om ein plass på Helselederskolen skjer via e-post. Den endelege utveljinga vil utførast av Universitetet i Oslo, men søknadene anonymiserast, og formelle kvalifikasjonar sjekkast av Legeforeningen sitt sekretariat. Tildelinga av plasser vil skje på grunnlag av eit motivasjonsbrev. Dette skal være på inntil ei A4-side, der du fortel om din interesse for leiing, di motivasjon for å søkje Helselederskolen og kvifor du bør få ein plass på kurset.
Søknaden sendes til helselederskolen@legeforeningen.no, med følgjande to vedlegg:
- Dokumentasjon på generell studiekompetanse
- Motivasjonsbrev (inntil ei A4-side), der det kjem fram kvar du er i studie- eller spesialiseringsløp.
Søknadsfrist er 30. april!
For ytterlegare informasjon om kurset og søknadsprosess, se legeforeningen.no/ledelse.
Dei fyrste 14 kandidatane startar opp i september 2018, og kurset vert avslutta i april 2019.
Me ønsker å gjera dette kurset til ein ettertrakta inngangsport for legar og medisinstudentar med interesse for leiarskap. Søk no, og legg grunnlaget for ei lysande leiarskapskarriære innan norsk helsevesen!
Kommentarer
Yngve Mikkelsen
10.04.2018 18:35
Godt jobbet for å få dette til. Veldig bra og nødvendig tiltak! Hilsen, Eks YLF leder