Spalter > Mitt funn

Foto: Oddveig Nygård

Leiv Otto Watne disputerte 28. november 2014 for graden PhD ved Universitetet i Oslo med avhandlingen «Delirium in hip fracture patients - consequences, prevention strategies and pathophysiological mechanisms».

Artikkelen ble publisert i Forum 1/2015.

Kva var bakgrunnen for prosjektet?

- Pasientar med hoftebrot er blant dei mest skrøpelege pasientane på eit sjukehus. Gjennomnittsalderen er høg og i tillegg til brortet er det mange som har fleire kroniske sjukdomar. Underernæring, polyfarmasi, demens og delirium («akutt forvirring») er vanleg. Sagt med andre ord: pasientar med hoftebrot er ofte ein «typisk» geriatrisk pasient. Rundt om i verda har det dei siste tiåra difor vorte stadig vanlegare at ortopedar og geriatarar samarbeidar i behandlinga av pasientar med hoftebrot. Ein slik samarbeidsmodell kallast «ortogeriatri». Det finnast mange ulike ortogeriatriske modellar; alt frå ein enkel modell der ein geriater er med på visitt på ortopedisk avdeling nokre dagar i veka, til eigne ortogeriatriske sengepostar der ortopedar og geriatarar dagleg samarbeider. Ein manglar kunnskap om kva modell som er mest effektiv. 

Mellom juni 2008 og januar 2012 var det på OUS - Ullevål ein ortogeriatrisk modell der pasientar innlagt med hoftebrot hadde heile sjukehusopphaldet (utanom operasjonen) i geriatrisk avdeling. Denne modellen hadde kapasitet til å ta imot halvparten av pasientane med hoftebrot som vart innlagt ved sjukehuset; dei som ikkje fekk plass i geriatrisk avdeling vart behandla i ortopedisk avdeling. Frå september 2009 vart fordelinga av pasientar mellom avdelingane gjort randomisert, og dette vart mitt doktorgradsprosjekt.  

Kva er ditt viktigaste funn?

- Primærendepunktet i studien var kognitiv funksjon fire månader etter hoftebrotet. Bakgrunnen for å velge dette som endepunkt var at a) delirium er svært vanleg blant pasientar med hoftebrot, men kan la seg forebygge og b) delirium kan føre til forverring av kognisjonen på sikt. Imidlertid var det like mange pasientar (om lag halvparten) som fekk delirium både på geriatrisk og ortopedisk avdeling. Det var heller ingen forskjell i kognitiv funksjon fire månader etter brotet. For pasientar som budde heime før brotet, såg det imidlertid ut som om mobiliteteten fire månader etter brotet var betre hos pasientar som vart behandla i geriatrisk avdeling.

I tillegg til å undersøke effekten av organisering av behandlinga av hoftebruddpasientar, var ein viktig del av prosjektet å undersøke patofysiologien ved delirium. Hoftebruddpasientane blir ofte operert i spinalbedøvelse, og i forbindelse med denne vart det tatt ut nokre dråper spinalvæske ekstra som ein tok vare på. Sidan delirium openbart er noko som påvirkar hjernen, er spinalvæske svært verdifull sidan analyser av denne kanskje kan gje nokre svar på kva som skjer i hjernen. Vi har allereie gjort nokre analyser, og har planar for mange fleire. 

Korleis vart du engasjert i dette prosjektet?

- Eg jobba som lege i spesialisering ved geriatrisk avdeling, Ullevål og vart spurt av professor Torgeir Bruun Wyller (min hovedveileder) om eg ville starte som stipendiat. 

Hadde du dette som fulltidsstilling?

- Eg hadde heile tida ei viss klinisk stilling ved sida av. Dette varierte frå 25 til 50 %. Dette har eg vore veldig nøgd med, men det er frustrerande at om ein jobbar mindre enn 50  % stilling klinisk, så teller ikkje dette i spesialiseringa. 

Kva har du tenkt å gjere i tida framover?

- Eg har vore så heldig å få midlar til post doc i tre år gjennom ei tildeling frå Nasjonalforeningen for folkehelsen (midlar samla inn i TV-aksjonen 2013). Dette prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom forskarar med bakgrunn i basalfag og klinikk, og blir leia av professor Farrukh Chaudhry (institutt for medisinske basalfag). I dette prosjektet skal vi fokusere på patofysiologiske mekanismer på molekylært nivå i utviklinga av delirium, og ikkje minst prøve å forstå noko om samanhengen mellom delirium og demens. I tillegg håpar vi å kunne identifisere biomarkørar som er assosiert med delirium og/eller demens.


Foto: Oddveig Nygård

Klar for disputas?

Skal du eller andre Ylf-medlemmer du kjenner snart disputere? Tips yngreleger.no ved å sende en mail til hannevaleur@gmail.com.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer