Nyheter > Fra foreningen

Legeforeninga og Virke kom ikkje til semje om endring av særavtalen under årets forhandlinger, og avtalen vart prolongert med eitt år.

Artikkelen ble publisert i Forum 2/2015.

Særavtalen mellom Virke og Legeforeninga regulerer arbeidstid, fagleg utvikling og overordna avtalar for legar i spesialisering. Den vert reforhandla i oddetalsår. Mange verksemder har i tillegg lokale særavtalar med Legeforeninga, som utfyller den sentrale særavtalen. Ylf har medlemmar i Virke; dei største institusjonane er Haraldsplass og Diakonhjemmet, men òg Sola DPS og andre distriktspsykiatriske sentra er medlemmar her. Særavtalen er i hovudsak bygd opp som A2-avtalen Legeforeninga har med Spekter.

Legeforeninga ynskte i forhandlingene å utvikle avtalen, i tillegg til å få innført faste stillinger for legar i spesialisering. Forhandlingene vart haldne 4. februar 2015, i ein konstruktiv tone. Det var deretter samtalar i mindre utval mellom partane.

Legeforeninga ynskte naturleg nok faste stillinger, men ville ikkje utvide normalarbeidstida for legane. Trass i god dialog kom vi ikkje til semje om endring, og avtalen med Virke vart prolongert med eitt år. Det skal haldast lokale forhandlinger på dei ulike sjukehusa, og det er fullt mogleg å avtale faste stillinger lokalt.

Kommenter gjerne denne artikkelen!

Kommentaren må diskutere eller kommentere innholdet i artikkelen på saklig vis og kan inneholde maksimalt 2000 tegn. Behandle andre debattanter med respekt og unngå personangrep. Kommentarer må undertegnes med fullt navn. E-postadressen brukes kun av redaksjonen ved behov for å kontakte innskriver. Alle kommentarer godkjennes av redaksjonen før de publiseres i kommentarfeltet (kan ta inntil ett døgn), og kommentarer som ikke møter retningslinjene vil bli slettet.

Kommentarer